Eg synest at heimeside ER kjekkare enn blogg.

Så, dermed; release; www.matre.org/dream

 

Advertisements

Tja – me er nok bortimot der, Dream og eg. Alle dagar inneheld trening på eit eller anna vis, stort sett. Det kan vera litt lek med ball mens me går tur, det kan vera litt triks med klikker og pølse på kjøken om kvelden, det kan era litt jakt-trening eller lp, noko er det kvar dag, iallefall bortimot. Kanskje ‘burde’ me ta pause i ny og ne? Ikkje veit eg, men me har det like kjekt begge to, det er eg sikker på 🙂

I dag har me trena LP i lag med Gro, Siwi, Marthe og Kjellaug. Iskald vind gjorde treninga til ein kald fornøyelse, men ser me vekk frå vinden og ein kald kropp så var det ei kjekk trening. Scooter (som me berre kaller ‘moppa te Gro’) er blitt ein skikkelig søt kar, han oser ung naivitet og er heilt herlig. Jobber så fint! Extra og Zuki viser stadig framskritt, og for nokre herlige arbeidsjern desse mallene er. 🙂 Me jobber på med vårt alle mann, i dag fekk Dream hopp-apport, apport-dirigering, fvf, mannekeng, innkalling – og meir apport-dirigering.  Dersom det er litt vanskeleg apport-dirigering – så er det slett ikkje alltid me lykkast på første forsøk, så her må me jobbe på. Eg har jo ‘alltid’ tenkt at det er den vanskeligste øvelsen å få stabilt god, for det er så forskjellig korleis hundane opplever/ser den frå stevne til stevne. I tillegg jobba me ein del med hopp-apport… Dream har og dessverre ein førar som ikkje KAN kaste ein apport, derfor aner han aldri i kva avstand frå hinderet metallen ligg, stakkar. Er det ein liten metall – så spring han kanskje forbi og ut i periferien og kikke forvirra rundt 🙂 Skal jobbe ein del med den, at eg kaster omtrent like langt kvar gong så e kjem inn i ein rutine. Den øvelsen har me lett for å ikkje fokusere på – den er liksom ‘for lett’. Den fella skal me ikkje gå i 🙂

Ellers venter me på at Fly skal få kvelpar… Dag 63 er på tirsdag, så det kan skje når som helst. Men nå (laurdag kveld) er ho berre rolig og blid som normalt, ingen teikn på at noko er på gong. Magen er stor og inni er det liv – så det er berre å vente spent! Det skal bli så spanande å sjå kor mange dei er, kva kjønn osv… Glede oss!

Follo 2011

Endelig tid for stevne igjen! Lørdag var det opp 05:00, og av gårde. Traff Kjellaug og Monica med hunder i Vats, og Siwi og Zuki på flyplassen. Dermed var firerbanden klar til kamp 🙂

Dream skulle i fly-bagasjen for fyrste gong, det er jo alltid litt nervøst. Men vel nede på Gardermoen var han akkurat som normalt, klin kokos av glede over å komme ut av buret. Godt å sjå at det gjekk greit. Me hadde bestilt bil klasse ‘stor stasjonsvogn’ hjå Avis – og vel… me har kanskje litt forskjellig meining om ‘stor’? Iallefall fekk me ein Hundai på størrelse med ein Golf eller omtrent der. Det blei jo litt FULLT inni der – men me kom oss mot Lillestrøm. Luksus å vera framme før 12!

Lørdagen gjekk med til hundelufting, litt shopping (bombe), ein laaaaang lunsj og kos på rommet. Kjempekjekt med jentetur!

Så – stevne! Eit veldig bra arrangert stevne av FBK – mange startande og litt små ringar som resultat av det. Men bra! Alle gjorde felles om morgonen, gjekk greit for oss, 10-10. Men – ikkje gløyme å jobbe med ned-dekken! Eg føler meg ikkje sikker nok her – og resultatet er ein unødvendig krass ‘dekk’ på stevner. Den skal vekk!

Lenge å vente – me hadde over 20 hundar før oss. Dream var ganske stressa – pesa litt og det virka som det var ein sentrifuge i hovudet hans, så eg la han ut i bilen. Trur det var eit smart trekk. Ca halvtimen før me skulle inn henta eg han inn igjen, tydeleg at han hadde slappa av og sove. Strekte seg godt og gjespa langt når eg henta han ut.
Fin følelese før me går inn – berre leker litt med ballen. Han er skikkelig PÅ. I ring 1 starter me med mannekeng, prima stå, fin fot – men når eg seier sitt så seier Dream, HÆ? føl meg to skritt, og blir ståande på neste sitt-kommando. Heilt pussig, for eg følte me hadde full kontakt og alt var bra, snodig rett og slett. Dekken var fin – men 5 poeng er jo ikkje så mykje då… Avstand – veldig fornøyd, må ha vore litt avdrift, 9.
Innkalling var kjempekort. Eg har i mange år vist til reglementet der innkalling er 30 meter, nordmenn ute internasjonalt får ofte sjokk over lengda. I Follo var den maks 20 – og det var god plass i ringen til å forlenge med minst 5 meter. Uansett – Dream gjorde ei super innkalling, 9,5. Siste øvelse i ring 1 – apportdirigering. Dagen hadde vist at den var ei vanskelig nøtt. Apportene så nære publikum ein kan få det til (kva er vitsen med det????), lagt PÅ den kvite stripa. Det var venstre apport, og mange hundar sprang for langt til venstre, ut i det frie, fristande området der i staden for mot publikum. Dream var ein av dei, han fatta ingenting, forsto rett og slett ikkje kva apport eg sto å snakka om 🙂 Her må me trene på å bli enda sikrare! Dei beste, sikraste hundane klarer jo dette og.
I ring to var det start med neseprøve. Det var vel på førehand den eg var mest spent på, her har me jobba på i det siste. Ut i eit sansa og fint tempo, tar med ein gong, alt heilt ypperlig – 10. Hopp apport, 8,5, han var litt usikker. Eg trur det kan henge saman med intens trening på skeiv kasting og påminning om å hoppe tilbake i det siste, trur Dream har opplevd dette som litt vanskelig. Løyse opp og trene kjekt nå på den! (men – apporten datt veldig skeivt – og han hoppa hinderet heim sjølv om snaraste vegen var på sida – så han har nok lært noko.)
Så – favorittøvelsen – ruta. Hurra seier Dream, dette kan eg! 9. Eg veit ikkje kva han trakk det poenget for, ruta var akkurat slik eg ville. Fri ved fot var litt variabel – men store deler føltes heilt topp. Me mista ein holdt og var ute på skikkelig seiletur i ein venstresving på springmarsj. 8.5.
Dermed – 256.0 med ein 0 og ein 5. Storfornøyd med at Dream fungerer så godt inne i ein slik setting – og storfornøyd med neseprøven og innkallig spesielt. Egentlig mest skuffa over sitt på mannekeng, den trudde eg me skulle klart. At me ikkje klarer dei vanskelige apportdirigeringane får me berre svelge enn så lenge. Og jobbe på.

Ganske uvant var det og at det er slutt på ‘er du klar’-spørsmålet før kvar øvelse. Du stiller deg opp, og så er det ‘Øvelsen starter – send ut’ i ein kommando frå leder.Men eg trur egentlig det blir ein ganske behagelig måte etterkvart, berre veldig uvant.

Ingen av oss fire damene hadde nokon maks dag. Flis viste som vanlig fantastisk lydighet, presist og nydeleg – men gjekk i same apportfella som Dream, pluss rota det til på neseprøven (5). Zuki og i same apportfella (skulle tru dette var noko me trente på her borte!), i tillegg ein labb på båndet rundt ruta. Men for ein positiv opplevelse Zuki hadde, hu sprudla skikkelig i ringen og viste så flotte øvelsar på resten. Akkurat slike erfaringar ho treng. Monica og Ajax hadde og mange fine øvelser, men mista poeng på litt tull i ring to.

I toppen var det imponerande og tett – slik det skal vera. Line og Harry er tryggheten sjølv, 292. Bajazz og Trond var verkelig i perleform, heilt herlig å sjå golden gutta slik! 291.5. Veldig imponert var eg og over Hege og Gustav – nå synest eg dei har ein fantastisk fin balanse mellom fart og full kontroll, det ser så kontrollert og flott ut – dei delte 2.plassen med golden power – 291.5.
Det var masse flott LP å sjå, det skal det jo og vera med norgeseliten samla til uttak. Eg kikka innom klasse III såvidt, fekk med meg herlige lille Luce og Øyvind som fekk opprykk til elite, det same klarte Dream-slektning Emil og Anita – gratulerer.

Heimturen gjekk greit, ei ganske hard landing på Helganes, synest Dream var litt meir stressa etter denne turen enn den fyrste, men kanskje berre innbilning. Me kom oss heim og vakla ganske utslitt til sengs før 22:00. Kjekk tur – og veldig fornøyd med at Dream kan prestere slik på eit slikt stevne. Og bitte bitte bitte litt skuffa over nullen… 🙂

Det er tidenes bloggtørke… Huff og huff. Men det ER liv i oss altså!

Sidan sist blogg har me fyrst og fremst feira jul, ei lang og fredeleg julehelg vart det, heilt vidunderleg. Takka vere litt avspasering og ferie til gode så fekk me god tid heime i lag. Prima!

Nyttårsafta vart feira heime hjå oss med 15 stk. til bords med stort og smått. Me er 3 vennepar som har feira i lag i mange år nå. Me merkar at ungane veks til, så mykje ‘smått’ er det ikkje lenger, yngstemann var vel 9 år og eldstemann i flokken 15 år. Ein veldig triveleg kveld var det. Aldeles luksus hjå oss med to hundar som ikkje bryr seg det spøtt om verken skudd eller raketter.

Helga som var reiste Sigbjørn og Anders til London på guttetur/fotballtur. Ida og eg held fortet heime. Laurdag kom Aina og Line frå Stavanger, Gro frå Sauda, Marthe frå Kolnes, Astrid frå Haugesund og Kjellaug, me samlast til ei knallkjekk trening før me hadde oss eit godt måltid med litt attåt heime hjå oss.  Supernyttig å få trene slik saman med andre folk og hundar enn dei som vanligvis er rundt oss! Søndag kom og Siwi og Zuki, me trena vidare heile gjengen,  i eit grisevær utan like. Imponerande kor godt hundane gjekk i 10 cm slaps, regn/sludd/snø vekselvis og kuling. Og så så godt det er å krype ned i sofaen etterpå når ein har vore ute ein slik dag. Takk til alle som kom på ‘minisamling’ – knallkjekt var det!

P.t. er det fortsatt elendig vær – og is overalt. Finnes ikkje sjangs for trening ute i øyeblikket. men det regnar – håpar det fortset til alt isen er vekk! Det er jo kun halvanna veke til me skal til Follo og konkurrere igjen. Mange påmeldte, det skal bli veldig spanande å sjå om Dream kan fungere OK inne i ein slik setting.  uansett gler me oss veldig til tur, me skal reise med fly lørdag morgon, Siwi, Monica, Kjellaug og eg. Det blir og Dream sin fyrste flytur, jammen godt å få reise i lag med 3 hundar han kjenner godt og som ingen av dei reagerer. Ein fin start på fly-karrieren får me håpe 🙂 Me skal flotte oss med hotell og leigebil, litt sånn luksustur dette her. Men det er altfor risikabelt med bil over fjellet på denne tida av året.

2010 er jo over, og det var jo litt sånn ‘mellomår’ for meg. Mykje mindre reising med hund, enn åra før. Likevel litt vart det,  og Dream har tatt store skritt fremover i løpet av året. Det føles mange ganger ikkje slik i den daglige treninga, men når eg ser eit år bak i tid så har det jo skjedd saker. For eksakt eit år sidan melde eg på i kl III for fyrste gong. Nokre nullar vart det i starten som seg hør og bør, men Dream var så ivrig og fin i ringen, det var me veldig fornøyde med. I april kom endeleg fyrste stevne utan null, 287.5 og opprykk til elite. Med det var me og kvalifiserte, og vart tekne ut til, samling i Arendal som rekrutt. Veldig kjekt og god trening for Dream.
Sommaren innebar masse trening, mellom anna med Niina og Kenth som kom på besøk i år igjen. Det er alltid like kjekt. I august debuterte me i eliteklasse, 257 med 0 på apportdirigering og 6 på innkalling, igjen ein god følelse i ringen. Vårt fyrste møte med dei store kanonene hadde me på uttak i Stovner Hundeklubb i slutten av august. Noko rusk og ny 0 på apportene men atter ein gong var eg så fornøyd med korleis Dream takla det heile. Me hadde ca 250 poeng trur eg, og nyttig erfaring for Dream med oss heim. Og så var det så kjekt å vera med igjen!!

Årest beste opplevelse i ringen kom i Stavanger, på NKK. Dream var PÅ og likevel konsentrert, åååå så kjekt å få vise det fram slik der, på uttak og gerastevne og alt! Og me klarte dirigert apport! På metallen glapp det litt, han tok faktisk feil av dommaren om meg (like klær) etter opptaket, og kom utanfor hinderet på veg tilbake. Ung & dum. Men sjølv med 0 der hadde me 270 poeng. Og så så kjekt det var å gå…
Stevnet etterpå, SBK, blei slett ikkje same opplevelsen, dårlig feeling og lite som stemte denne dagen, på ein bob-bob dag er me slett ikkje så gode viste det seg 🙂 Så det bar rett heim for å trene vidare etter det.

Kun eit stevne til starta me  i 2010, i slutten av oktober på heimebane. Vårt fyrste elitestevne uten null, vår fyrste seier i elite og 287 poeng. Det var vår tredje fyrstepremie og me manglar dermed ‘berre’  blåsløyfa på NLch. kanskje me diller oss inn i eksteriør ein vakker dag, men ingen planar om det p.t.

I november vart me tekne ut til ‘skikkelig’ elitesamling, og var i Tønsberg på samling, kjekk helg med god trening der og.

Summa summarum hausten 2010; 5 elitestevner, 4 med god feeling i ringen. 3 med 1.pr og eit av dei var utan null.  Tydeligvis så treng me å bli meir stabile, det er nå ein selvfølge med ein hund på 2 år det då.
Mi oppgåve er å vera trygg og tydeleg, og syte for at Dream (og eg) får gode opplevelsar i ringen framover.

 

Denne helgen har bare vært helt super. Litt baking, hjemmekos og innetid lørdag. Utpå dagen dukka Sissel opp – og endelig fikk vi hilse på Yas. For en utrolig herlig fyr, så sjarmerende og så trygg og god. Vi fik oss en kjapp trening i drittværet før vi koste oss hjemme med taco og prat. Alltid like kos med besøk fra Askøy!

Søndag hadde været heldigvis snudd, -2 og sol. Banen var litt hard og glatt, det skal innrømmes – men slett ikke verst heller. Sissel hadde med julegaver til oss – og de måtte åpnes nå! Vi var vel ikke så vanskelige å overtale, nysgjerrige som vi er… Det viste seg å være vanvittig fine dekkener til Dream og Flis, med påbrodert navn, dekor og ‘Team Norway’ i nakken! (Litt eplekjekt av Dream å opptre med slik tekst på seg da – men det er nå hyggelig at noen har troen på oss 🙂 ) Det var tidenes gave altså – fy flate så stas!!!

Vi fikk en super trening alle tre. Flis finpusser formen mot nordisk, de drar allerede på onsdag. Damene er i superform! Skulle gjerne vært til stede og heia dem frem… Men – vi skal lage jul her hjemme og følge med så godt det lar seg gjøre herfra. Krysser alt vi har for alle norske!

Små glimt her – mere bilder i pic’s til høyre…

 

k-k-k-kaldt

…men fint! Om alternativet er regn og vind – ja då vil eg heller ha det slik. Det svingar mellom -4 og -10, og det er kaldt nok det, men herleg vintervær.

Eg er i sjeldan god rute i år – trur eg! Mange julepakkar er allerede i hus, adventskalender til ungar – og mann (!) – er på plass, ferdig pakka. Litt av vaskinga er over, den nye fiiiiine advenststaken er på bordet. Det er så kos med førjul! I dag kom stjerne i vindauge, og julegardiner på plass. Kjempestas.

Dream får og litt trening om dagane. Me har skrudd ned frekvensen litt, det må innrømmast. Lenge til neste stevne og godt med litt roligare periode mht trening trur eg. Men 2-3 gonger i veka blir det uansett. Hadde ei kjempefin økt torsdag kveld, det var -9, fullmåne og heilt vindtstilt. Magisk stemning. Dream var i godlunet og gjorde så mykje fint akkurat den treninga, så den må me nok kvila litt på ei stund… Dvs til i morgon – då skal det trenast hjå Kjellaug.

Ser på nett at Vegar og Cash vann HP Pettersen – knallbra. Det er hund nr 2 Vegar vinn med, har nokon andre gjort det tru? Ikkje som eg kan komme på iallefall… Stor gratulasjon til dei iallefall!

Adventskalender til store og små!

Heime igjen…

Eg har atter ein gong vore på farten, denne gongen 2-dagers tur til Nederland. Byen heitte Arnhem, hollenderane var trivelige og jobben der nede gjekk veldig greit. Turen starta onsdag, eg skulle fly onsdag kveld frå Sola, men drog om morgonen til Stavanger, besøkte ei venninde og i lag shoppa me litt julehandel, kosa oss med god lunj og hadde ein skikkelig kjekk PikeDag. Godt å vera i gong med julepresangar og!

Dream har ikkje så høge tankar om denne reisinga mi trur eg… Me trena i går, han var aldeles på styr og knept nedpå. Me burde nok ha gått ein tur fyrst 🙂 Ingen skal sei at han ikkje gjer sitt beste, det var konsentrasjonen som svikta ‘litt’ i iveren… Me skal nok trene i ettermiddag og, då skal me syte for at forutsetningane er litt betre.

Ellers dukkar det stadig opp minner på harddisken med alle bildene… Her er pallen NM 2000, ei rimelig kry Matre i midten her.

Tag Cloud